English | Norsk

Regn til inspirasjon

28 november 2011

Etter at me avslutta turneen i Nord-Noreg, køyrde eg åleine gjennom Finland og Sverige på veg til Oslo. Lange strekk å køyre, men også ei flott oppleving. Bjørk, gran, snø, reinsdyr. Av ein eller annan grunn får eg ofte musikalske idear mens eg køyrer bil (å vere passasjer i buss har ikkje same effekt), og strekninga Luleå-Sundsvall var god i så måte. Styrtregn og vindaugsviskarar som metronom må ta litt av æra. Så får me sjå når hjula ein gong har stansa.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*