Tom Roger Aadland skriv songar som kombinerar melodiøs intensitet, sterke tekstar og sikkert musikalsk handverk. Han har turnert Irland, Sør-Afrika og Noreg, og har opparbeidd rykte som ein glimrande låtskrivar, uttrykksfull songar og dyktig gitarist. Han blei lagt merke til for alvor då han gav ut det kritikarroste albumet Blod på spora i 2009. Denne våren er han aktuell med oppfølgjaren Det du aldri sa. I kjølvatnet av Dylan-suksessen har han skrive ei samling sterke låtar med nynorske tekstar og musikk som har den tyngste foten i rootstradisjonen.
Blod på spora, ei gjendikting til nynorsk av Bob Dylans meisterverk Blood On The Tracks, kom ut hausten 2009 til strålande kritikkar. Særlig hausta plata lovord for dei nynorske gjendiktingane. Fredrik Wandrup i Dagbladet kalla Tom Roger Aadlands versjon av albumet for «vakker og rørende», mens Aftenposten skreiv at Blod på spora var ein «imponerende fornorsket klassiker». Responsen på albumet førte Tom Roger ut på ein omfattande bibliotekturné – frå Halden til Hammerfest. Då Bob Dylan blei eige universitetsfag i januar, hadde Tom Roger æra av å halda opningsførelesinga på Blindern.
Før han gav seg i kast med Dylan, gjennomførte Tom Roger Aadland ein spennande multimediaturné i samarbeid med den legendariske irske rockefotografen Fin Costello. Pictures In Rock besøkte kunstgalleri og konsertsalar og presenterte ei utstilling med Costellos ikoniske rockefotografiar i kombinasjon med ein konsert med Tom Roger og dei irske toppmusikarane som deltok på debutalbumet Obviously Embraced. «En sabla fin kveld for rock», var Haugesunds Avis si oppsummering.
Etter reiser og konsertar over heile Irland, var det naturleg for Tom Roger å spele inn debutalbumet Obviously Embraced i Dublin med irske musikarar. Pianist og produsent Brian Connor (Van Morrison, Riverdance) henta inn nokre av Irlands mest anerkjende rockemusikarar til innspelingane; folk med fartstid hjå artistar som Van Morrison og Sinead O’Connor. Etter å ha høyrd opptaka, bad Alastair McMillan (U2, Rolling Stones), ein av dei mest etterspurte teknikarane i Irland, om å få mikse plata. Deretter ble songane mastra av legendariske Greg Calbi (Bob Dylan, Norah Jones) ved Sterling Sound i New York.
Då Obviously Embraced kom ut i 2007, skreiv Irlands fremste rockemagasin Hotpress, «We suspect that his lovely blend of melody and commentary will earn him loads of fans». Eit halvt år seinare blei plata gjeven ut i Noreg, og også her var meldingane svært positive. Mange trakk fram dei sterke melodiane og dei historieforteljande tekstane som prega albumet – enkelte meinte at Irlands mytiske rockelandskap hadde hatt ein forløysande effekt på Tom Roger som songar og låtskrivar.
Før han reiste til Irland, hadde Tom Roger Aadland gjort innspelingar i Zimbabwe med lokale musikarar og besøkt festivalar og konsertscenar i Sør-Afrika med sin musikk. «Det kjem ikkje som noko overrasking at Tom Roger skriv gode songar», skreiv Cape Argus då han spelte i Cape Town, og refererte til den breie musikalske bakgrunnen hans. Han har studert klassisk gitar med nokre av dei beste gitaristane i verda, og har skrive musikk for alt frå rockeband til symfoniorkester.
Tom Roger Aadland er nok framleis på veg, men for augneblinken er han på ein «bra stad», der han samanfattar interessa for litteratur og tekst med ei allsidig musikalitet og ein sterk musikalsk og tekstlig skapartrong. Han samarbeidar like gjerne med kompromisslause indie-rockarar som med virtuose folkemusikarar og internasjonale pianistar og produsentar. Songane er målet.






