Artist og låtskrivar Tom Roger Aadland har gjendikta alle songane frå Bob Dylan sitt legendariske album Blood On The Tracks (1975) til nynorsk. Blod på spora kom ut på CD i 2009 til strålande kritikkar, og fjorårsturneen blei så vellukka at han held fram denne hausten, denne gong til bibliotek og kulturhus i Trøndelag og Nord-Noreg (inkludert Svalbard).
Blod på spora blei spelt inn i løpet av fire dagar i eit ombygd skulehus i vestlandsbygda Etne, berre nokre mil frå Vikebygd, der Tom Roger vaks opp. For å finne den rette bølgjelengda for dei kjenslesterke songane på albumet, henta han inn bassist Per Steinar Lie og slagverkar Ørjan Haaland frå det kritikarroste low-fi-post-rockebandet The Low Frequency in Stereo. Frå Belfast via USA kom produsent og pianist Brian Connor.
På desse sidene finn du tekstar og musikk, bilete frå innspelingane, og opplysningar om plata generelt. Dersom du er av dei som likar å høyra ein song med teksten framføre deg, kan du laste ned dei norske tekstane her. Du finn også den komplette turnéplanen for Blod på spora. Tom Roger vil i løpet av hausten gjere 46 konsertar på bibliotek og kulturhus i Trøndelag og Nord-Noreg, med turnéavsluting i Hammerfest 17. november.
|