Tom Roger Aadland
Blod på spora

Biografi

 

Songar, gitarist og låtskrivar Tom Roger Aadland har ei djup interesse for tekstar i musikken. Ein stad fekk han ideen om å gjendikte alle songane på Bob Dylan sitt legendariske album Blood On The Tracks (1975) til nynorsk. Blod på spora kom ut på CD i 2009 til strålande kritikkar, og Tom Roger framførte då materialet på eit femtitals konsertar i Setesdal, Telemark og på Vestlandet, med turneavslutning på Litteraturhuset i Oslo. Fjorårsturneen var så vellukka at han held fram denne hausten, denne gong til bibliotek og kulturhus i Trøndelag og Nord-Noreg.

 

Det blir ikkje ofte presentert norske versjonar av komplette originalutgjevingar. Når utanlandske artistar føreligg i norsk form, er det ofte i «best of»-samlingar som inneheld dei mest kjente låtane. Å gjere ein frittståande norsk versjon av eit heilt album er ei utfordring som kan gje kunstnarisk gevinst i form av heilskap og uttrykk.

 

Blod på spora blei spelt inn i løpet av fire dagar i eit ombygd skulehus i vestlandsbygda Etne, berre nokre mil frå Vikebygd, der Tom Roger Aadland vaks opp. For å finne rett bølgjelengde for dei kjenslesterke songane som utgjer albumet, henta han inn bassist Per Steinar Lie og slagverkar Ørjan Haaland frå det kritikarroste low-fi-post-rockebandet The Low Frequency in Stereo. Frå Belfast via USA kom stjernepianisten Brian Connor (Van Morrison, Riverdance).

 

Nynorsk er eit poetisk og songbart språk med ein sterk lyrisk tradisjon. I arbeidet med å gjendikte songane har Tom Roger lagt vekt på å halde seg nær originalen når det gjeld val av ord, fraser og tydingar, samtidig har han vore opptatt av at dei norske versjonane skal kunne stå på eigne bein. Gjendiktingane har blitt lagt merke til, og Tom Roger har det siste året halde føredrag m.a. for Utdanningsforbundet og Norsk Oversetterforening. Nynorsk kultursentrum inkluderte oversetjinga av songen Simple Twist of Fate - Lagnaden sin vri - i si temautstilling Det usynlege språket.

 

Blood On The Tracks blir rekna blant Dylan sine aller beste album; det amerikanske rockemagasinet Rolling Stone har plata høgt oppe på lista over dei beste rockealbuma gjennom tidene. Plata inneheld fleire av dei sterkaste songane Dylan har skrive, for eksempel Tangled Up In Blue (Vikla inn i blått) og Idiot Wind (Vind utan vit).

 

På turnear i Irland, England og Sør-Afrika har Tom Roger Aadland opparbeidd rykte som ein glimrande låtskrivar, uttrykksfull songar og dyktig gitarist. Debutalbumet Obviously Embraced kom ut i 2007 til sterke kritikkar, året etter gjennomførte han den unike multimedieturneen Pictures In Rock i samarbeid med den prisløna irske rockefotografen Fin Costello. Då turnerte dei to med ei utstilling med 75 ikoniske rockefotografiar i bagasjen; på bibliotekturneen reiser Tom Roger aleine med songane, stemma, munnspelet og gitaren.


For å sitere songen Vikla inn i blått (Tangled Up in Blue),

Nokon er professorar, / Nokon skjer med kniv /
Veit ikkje koss alt starta, / Eg veit kje kva dei gjer med sine liv. /
Men eg er enno undervegs / Eg veit eg får kje fred. /
Me kjende på det same, / Men var kje samde om det baud til medynk eller spott, /
Vikla inni blått.